Laksefiske i Nausta

Laksegutta.no tilbyr laksefiske i Nausta.

Her har vi tilrettelagte turer til firmaer eller grupper av privatpersoner. Standarden velger du selv. Her er det alt fra lodger med konferansefasiliteter til enkle campinghytter, alt bestemmer du selv. Vi har også mange dyktige guider tilgjengelig som også kan påta seg kaste / fluefiske kurs for de som ønsker det.

 

Litt fakta om Nausta

Nausta, med utløp i Førdefjorden, er lakseførande i 12 kilometer. Elva ligg i Naustdal kommune 13 kilometer vest for Førde og 35 minutt frå Førde Lufthamn. Nausta som eit av Noregs flottaste vassdrag, renn gjennom eit jordbruksområde og er omkransa av ein variert og fin natur. Elva er ei typisk flomelv, der vasstanden kan variere mykje på kort tid. Under lengre tørkeperiodar kan vasstanden i elva bli svært liten og bli eit hinder for fiske.
Nausta er kjent som ei spennande elv for einhands flugefiske, med mange varierte og gode fiskeplassar over heile elva. Området under Naustdalsfossen er kjent som ein av Noregs beste fiskeplassar for laksefiske.Nausta vart i 2005 varig verna etter ein kortare vernekamp.
Nausta er ei typisk smålakselv, med eit godt innslag av mellomlaks.
Sjøaurestammen i elva varierer mykje frå år til år.
Oppdrettslaks er eit svært lite problem, under 1 %.
Nausta har i mange år vore den beste lakseelva i Sogn og Fjordane. Målt i tal laks pr. meter lakseførande elv vert Nausta rekna som ei av Noregs beste lakseelvar.
Fangstvolum laks i perioden 1999 – 2007. 3.7, 7.3, 5.3, 2.9, 3.1, 3.0, 4.7, 2.9 og 1.7 tonn.
Den største laksen (holaks) som er fiska i Nausta er 23.5 kilo og vart fiska av Trygve Kleiva i 1937.

Ta kontakt med oss for utfyllende informasjon om denne elven ! 

 

Laksegutta.no © 2009-12 - Innholdsoversikt

Siteman CMS